Sokndal, Åmodshytto
Åpning: Søndag 7. september kl. 16.00
Utstillingsperiode: 7. september - 4. oktober
Åpning: Søndag 7. september kl. 16.00
Utstillingsperiode: 7. september - 4. oktober

Storm og stilla (arbeidstittel)
Midt inne i ein kraftig storm finst der ei stilla – stormens auge. Dette fascinerer. Kan eg materialisere – finne ei form og eit utrykk for værfenomenet? Få fram kontrastane i leiremateriala? Ei spenning som handlar om meir enn været – kan vi sei været i liva våre? Det kan stå hardt på der og, både i det ytre og i det indre. Kor finst ei stilla for desse stormane?

Med ei slik tilnærming leitar eg meg fram, i materiale eg har lang erfaring med. Etter eg har gjeve leira form og struktur, legg eg lag på lag med farge, slik eg ofte gjer. Prøver å kombinere det styrte opp mot det intuitive og spontane.
I arbeida mine søkjer eg mot det enkle – men som har djupne. Eg trivst godt med å vere i lange prosessar – og ha tid til å leite etter det som eg ikkje heilt veit kva er.
Verket eg stiller ut på Åmodshytto er under arbeid på biletet, og blir det første eg viser i denne serien. Diameteren er omlag 35 cm, og arbeidet blir montert på vegg. Fleire verk er under arbeid, og blir tilgjengelege etter kvart.
Foto: Anna Emmerhoff Kvalsund

Eg held til i Haugesund, men er oppvaksen på Tveit i Sveio. Har faglærarutdanning i forming, frå Notodden, med stor materialbredde. I min tretti år lange kunstnarpraksis har eg vore aktiv med utstillingar, kunst-oppdrag og tverrfaglege prosjekt.
Å arbeide fram ei form eller ein komposisjon, oftast i leire eller i tekstil, er ein måte å meddele meg på. Almenne og eksistensielle tema ligg ofte til grunn for mitt skapande arbeid. Slik sett har ikkje vegen vore så lang frå å forme i leire og tekstil til å finne ord. I haust gir eg ut mi første bok, Eg har ikkje mor, eg. Korte poetiske tekstar, ei forteljing om å miste mor – over lang tid. I boka inngår bilete av eigne arbeid.
Foto: Kristin Ådnøy Eriksen
_____
_____
https://www.norskekunsthandverkere.no/kunstnerregister/karoline-emmerhoff
Facebook: Kunsthandverker Karoline Emmerhoff
Facebook: Kunsthandverker Karoline Emmerhoff