Suldal, Kvilehaugen
Utstillingsperiode: 27. august - 14. september
Utstillingsperiode: 27. august - 14. september

Uten tittel
2 modellert former i steingods brent i brennegrop
Plassen heiter Kvilehaugen og ligg høgt i lia med utsikt nedover Jelsabygda og sjøen.
Det er ein historisk plass der folk i eldre tider på veg til kyrkja, stansa, tok ein kvil og skifte frå kvardagsklede til finklede før dei gikk siste biten nedover til kyrkja.
Kunstkapselen vart plassert i skogen utanfor hytta mellom gamle mosegrodde trær og tuer. Eg tenkte at skogen er full av mystikk og eventyr og at kunstkapselen kunne appellere til fantasi og rare historier.
Formene som ligg inni kapselen, ser ut som dei søv, ein kan sjå eit pustehol. Dei har reist langt før dei landa i skogen. Kvifor har han landa akkurat her? Kor kom han frå? Og kor skal han hen? Kom han frå havet i eldgamle tider då havet var like høgt som ved hytta?
Eller kom han frå lufta som ein Ufo?
Er det her ved Kvilehaugen kapselen kviler ei stund før han reiser videre? For han reiser videre om ei stund!
Og haugen der dei før vart lagt til den siste kvila i døden. Og haugen der det bur underjordiske folk. Slik trudde dei før.

Eva Sæverud er utdannet ved Statens håndverks og kunstindustriskole, Oslo. Hun har grunnfag Kunsthistorie Praksis ved Graverens teglverk keramikkavdeling 2 år. Undervist 10 år kunstfag i Kultursskolen i Sandnes. Kunstnerisk konsulent for kirkeutsmykking i Gausel kirke og Riska kirke
Arbeid i eige verksted etter utdanning, fleire separatutstillinger, gruppeutstillinger i regi av Norske Kunsthåndverkere
Første åra med eige verksted laga eg bruksting i blåleire. Deretter vart det å prøve andre leirtyper. Og med steigodsleira vart det lettere å modellere og prøve ut nye former.
Deltatt på fleire vedfyrte workshops for å lære om vedfyring.
Deltatt fleire år på Risørmarkedet. Bygde vedfyrt ovn der eg prøvde meg fram og eksperimenterte. Laga Rakuovn der eg brenner mindre modellert gjenstander.
_____
www.eva.saeverud.com
_____
www.eva.saeverud.com